Håtveitgrenda til Liervatn i Morgedal.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.912 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 129
Sesong: Hele året
Område: Telemark Vest-telemark

Beskrivelse

Frå Morgedal hotell eller Skieventyret kan ein kjøre bortover på gamleveg (Morgedalsvegen) kor ein har Morgedalstjønna på venstre side. Etter ca 1 km tar ein opp til høgre til Håtveitgrenda. Ein fortsett oppover på grusvegen ca 1 km. Her må ein parkere, da det er bomveg noko lenger framme.

Ein går oppover på grusvegen, og noko bratt er det. Det er mulig å trille barnevogn her. I eit vegskille noko lenger oppe holder ein til venstre.
Det går så ned til ein demning som ein går over ved enden av Liervatnet.

På den andre sida av demningen går ein til høgre langs Liervatnet. Ein følger grusvegen eit stykke bortover, kor ein får eit vegkryss. Her kan ein velge å gå opp til venstre. eller utover til høgre.

I UT.no er det ikkje avmerka meir enn til dette vegskillet. Herfra kan ein gå vidare om ein ynskjer, eller tilbake igjen. Det er Morgedals idrettslag som har ansvaret for desse stiane.

Om vinteren er det fine skiløyper i dette området også.

Adkomst

Kan gå frå Morgedal hotell eller Skieventyret, eller kjøre bil opp til Håtveitgrenda.

Stoppesteder

Det er busstopp på nedsida av Morgedal hotell på E 134.