Nåmdalsfjellet på Nygard i Modalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.049 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 471
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Tur/retur 2,5 t: Enklaste sommarveg til toppen er frå offentleg P-plass 100 m frå stistart ved Fjellstølen hyttefelt. Det første stykket kan vere svært vått, så gode fjellsko/støvlar er tilrådd. Stien følger oppover på venstre side av bekken til du er i terreng med lyng og mose. Her går du vestover og er snart på bert fjell. Følg vardane fram til toppunktet. Turkasse.

Rundtur: Legg returen om Nystølen. Følg umerka rute nordaust ned frå toppen mot kraftmasta i synsranda, derifrå ser du Nystølen og følger merka rute langs Steinavatnet tilbake til start - det er merka sti på begge sider av vatnet.

Nåmdalsfjellet vinter: Den vanlegaste vinterruta går langs vestsida av eller over Steinavatnet inn til brua ved Nystølen. Derifrå går ruta sørover bratt opp lia mot kraftmasta i horisonten. Du kryssar under kraftlina og følgjer terrenget slakt oppover mot sør til toppen. Ta gjerne ein avstikkar over Svartavatnet på tilbaketuren før retur til start.

Adkomst

Til Mo i Modalen og vidare fv 345 til Øvre Helland, ta Nygardsvegen og køyr til Nygard. P-plass ved oversiktsskilt i krysset på Nygard, og også nokre p-plassar ved Steinavatnet.