Fjellstøylen i Årdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.281 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 368
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turstart på Erikstad i Årdalen. Du startar med å gå på skogsveg i ope og fint beiteterreng i omlag 1,5 kilometer. Etterkvart kjem du inn på ein fin og godt synleg sti som går opp til Fjellstøylen. Du får fin utsikt mot Årdalen og Jøstravatnet, og utsikt inn mot Legestøylen og lia som går opp til Stegsvatnet.

Du brukar omlag 45-60 minuttar opp. Terrenget er behagelig å gå i og har jamn og fin stigning. Turen passar fint for alle aldersgrupper, og eignar seg godt for barnefamiliarog som trimløype for joggarar.

AC Kapstad for IST

Adkomst

Ta av E39 i Årdalen og køyr mot Erikstad. Her kjem du inn på skogsveg som går vidare innover mot Årdalsdalen. Like etter siste garden på Erikstad er det bompassering der du kan betale med Vipps. Ikkje lenge etter du har passert bommen startar du turen.