Nising

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.719 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 274
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Terreng: Traktorveg vel 2 km oppover lia og så flatt/kupert gjennom lauvskog og litt myr eit stykke før stien går bratt og kronglete nedover ei skogkledd li til Nising.

Opplysningar: Skogsvegen er god å følgja oppover, men litt bratt. Du vil sjå nokre namneskilt langs vegen – t.d. Ospedalen, Longabrekka og Trollsvingane, Sleahidlerane, Skripedalen, Brittaklypa, Råså, Skihidleren, Råsåvegen, Busteinane m.fl. Desse namna har sine historiar. Nising ligg ligg nede ved sjøen ved Yrkesfjorden. Her har det vore fastbuande familiar i mange generasjonar, men i dag er dette ein fråflytta plass. I dag blir husa brukte som hytte/fritidsbustad for etterkommerar av tidlegare eigerar.

Avstand: Om lag 4 km fram til Nising ein veg.

Tidsbruk: Vel 1,5 t å gå til Nising ein veg.

Vanskegrad: Raud tur - krevande familietur.

Fottøy: Gode tette sko – helst fjellsko. God tur.

Adkomst

Ta av ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venste, sjå skilt til Stokkadalen. Følg denne vegen 4,5 km til det gamle skulehuset i Stokkadalen.