Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.677 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 724
Sesong: April - Oktober
Område: Jotunheimen

Beskrivelse

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.!
Opp frå sentrum (Fossbergom) og til Skutlan er det i tillegg laga ein revidert versjon av den gamle kulturstigen. Her får du både ny kunnskap og morsomme tilleggsopplysningar i tillegg til utsikta.

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.).

I stigkrysset på Skutlan kan følge stigen ned att mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs Fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.

Adkomst

Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom).

Stoppesteder

Bussterminal like ved starten på ruta.

Linker