(02) Selevik skule – Fiskaneset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.338 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 147
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Stien startar på andre sida av vegen, kor informasjonskilt og retningsskilt mot Fiskaneset står. Turen går på grusa sti i kupert terreng med lyngmark, blandingsskog og berg. Stien er eigna for barnevogn, men bratt bakke gjer han ueigna for sykkel. Frå stien er det flott utsikt mot Stokksundet. Halvvegs er det ein liten avstikkar (ca. 200m) opp til varden (82 moh.). Her er det fin utsikt over bruene i Trekantsambandet. I varden er det lagt ut turbok som du kan skrive namnet ditt i. Fortset mot Fiskaneset. Du kan gå same veg tilbake eller gå ned mot fylkesvegen, tilbake til Selevik skule. Langs løypa finn du informasjon om planter og dyr.

Adkomst

Parkering ved skulen.