Norda Høgaste - Herefjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.702 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 505
Sesong: April - Oktober
Område: Ryfylke

Beskrivelse

Norda Høgaste, 690 moh, er høgaste punktet på Herefjellet.
Dette er eit mektig utsiktspunkt rett ned mot Bogsund og Erfjord, og vestover ut mot Nedstrandsfjorden. Det bratte Halvardskarsjuvet skjer seg bratt inn i terrenget heilt opp til toppunktet.

Bratt stigning frå startpunkt på Åsland, ca 250 moh.Skilta og godt merka sti. Veldig fint å gå innom utsiktspunktet på Skaret og ikkje minst Tausanibba på 500 moh. Turen startar på beiter, gjennom bratt bjørkeskog, men mesteparten av turen går i open/vid lynghei med panoramautsikt vestover Nedstrandsfjorden.

Distanse Åsland - Norda Høgaste, ca 2,5 km, ca 450 m stigning. Gangtid opp snautt 2 timar.

Løypa opp er bratt og tung, men ikkje så lang. Gangtid avheng av fysisk form.

Adkomst

Frå Nesvik ferjekai: følg fylkesveg Jøsnesvegen ca 3 km, Ta opp kommunal veg mot Åsland, ca 2 km. Då kjem ein til startpunktet. Liten parkeringsplass.