Hytta på Gråhorgja 645 m.o.h. (frå Kolbeinshauglia - andre skogsveg til venstre)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.922 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 430
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Følg skogsbilveg i retning søraust, gjennom Ølsdalen. Her kan du velja å gå opp første eller andre skogsveg til venstre. Ved første skogsveg til venstre står det skilt til Gråhorgja og Gråhorgjhytta. Dette er den kortaste, men våtaste vegen til hytta.

Du kan og gå vidare til den andre skogsvegen til venstre. Det er denne turen som er forklart nedanfor.

Eit stykke opp i skogvegen, tar merka løype av på sti på høgre side. Sjå etter skilt. Eit lite stykke over tregrensa deler stien seg; sti til venstre fører til hytta, medan sti til høgre fører til toppen (740 m.o.h.). Hytta ligg i nordenden av Krokavatnet. Utsikt undervegs til Dalsbruket og Skrefjellet og sørover til Bukkanibba og Vats. Eit godt alternativ til å gå same veg tilbake, er å følgja merka løype til toppen av Gråhorgja, som er eit flott utsiktspunkt, og så følgja merka løype nedover og tilbake til møtet med stien du kom opp frå Kolbeinshauglia. Eit anna alternativ er å gå merka løype via Bordalsskar ned igjen til parkeringsplassen.

Adkomst

Følg Bjoavegen frå Ølensvåg til Innbjoa, ca. 15 km utover langs fjorden. Ta av til venstre ved skilt til Dalen. Følg Eikåsvegen sørover dalen omlag 3,8 km, like før brua i Eikås tar du til venstre og følgjer skogsbilveg til tømmervelteplass/ parkeringsplass.

Linker