Skomakernibba 300 m.o.h.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.712 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 309
Sesong: Hele året
Område: Etne- og saudafjellene

Beskrivelse

Frå info.tavla følgjer du merkinga inn på traktorveg. Eit stykke oppe i lia går turen over i godt merka sti som svingar seg i flott terreng oppover. Skomakarnibba er ei stupbratt berghylle ("nase" som stikk ut). Sagne fortel om ein skomakar som måtte sitje her å laga eit par sko som straff. Nesten ferdig så mista han nåla og såg ingen annan utveg enn å hoppa etter den! Ver forsiktig her ute og pass på barna. Eit godt alternativ til returen er på merka sti ned til garden Bala. Det vert då ein fin rundtur med ca. 5 min gange tilbake til bilen.

Adkomst

Frå Vikedal sentrum tek du av mot Vikedalsdalen (Movegen). Køyr 3 km og du er framme ved den nedlagde taubanen til Lysenuten. Informasjonstavla står her på høgre sida av vegen. Parker ca. 100 m lenger fram, nede på tunet til garden Ørnes. Ta omsyn til nødvendig ferdsel for dei fastbuande.

Linker