Rundtur via Sundsstøylen og Sundsvatnet med utsikt til Vidunderdalsvatnet og Grovabreen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.756 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1213
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Turen opp til Sundsstøylen er ein flott tur i seg sjølv utan at du går lenger enn opp til støylen. Du startar oppstigninga rett ved Kjøsnesfjorden og brukar omlag 30-45 minuttar opp dei bratte sidene til du kjem til Sundsstøylen. Her får du stor utsikt over Jølstravatnet og Kjøesnesfjorden og dei kjende fella Kollen (Kleivafjellet) og Grovanipa. 

I starten av turen går du på bratt skogsveg. Denne kan du følgje eit godt stykke om du vil det. Dette GPS- sporet tek deg ut av skogsvegen og vidare igjennom ope og fint beitelandskap der skogsvegen går. Etterkvart går du vidare på sti. Det er mykje dyretråkk i området så det er fort gjort å gå feil. Eit kort stykke før du kjem på støylen må du ta av ein sti og inn på ein annan, og utføre ei elvepassering. I periodar med mykje vatn i elvefaret kan denne truleg opplevast som noko utfordrande for enkelte. Merk deg at det er rundturen som er gradert med raud farge (krevande). Turen opp til Sundsstøylen er gradert blå (middels).

Etter å ha passert støylen går du på ganske god og tydeleg sti vidare opp mot Sundsvatnet. Eit stykke etter støylen flatar landskapet noko ut, og det vert lettare og jamnare terreng å gå i. Før du kjem til vatnet kan det vere vanskeleg å følgje stien. Også her er det mange dyretråkk å gå i. Ved austlege side av Sundsvatnet ligg det ei hytte. Frå støylen brukar du ca 60 minuttar opp til Sundsvatnet.

Om du ønsker å gå rundturen vidare passerer du hytta ved Sundsvatnet og går "rett på" ein av dei grøne ryggane opp mot Sandheia. På toppen her får du flott utsikt over Vidunderdalsvatnet. I området du går i frå her og vidare opp mot Tverrfjellet og Salsegga er det ein del stein å gå i. Periodevis må du rekne med å balansere og småklyve deg fram i steinura. Oppe på Tverrfjellet får du flott utsikt mot Grovabreen og brevatnet under denne breen. Etterkvart som du dreiar mot nordleg retning over ryggen vil du få utsikt over Dvergsdalsdalen og Orkja. Du rundar deg ned att mot Sundsheia og krysser over myrane til du kjem attende til stien du gikk opp. Retur same veg ned att til bygda.

Om du vel å gå heile rundturen vil den til saman ta 5-6 timar. Turen er sett til raud (krevande) på grunn av at du går i ein del ur i eit terreng der du må kunne kart og kompass dersom du får skodde på deg. På ein godværsdag er dette likevel ein tur som berre er middels krevande.

Adkomst

Ta av Fv451 ved Kjøsnesfjprdbrua og køyr mot Sægrov. Like før du kjem til Sægrov startar du turen. Parker på lomme langs vegen. Set frå deg bilen slik at den ikkje er til hinder for trafikk eller gardsdrift.