Type: | Fottur |
Lengde: | 2.82 km |
Turen går: | Turen går én vei, fra A-B |
Varighet: | 1 timer 30 minutter |
Gradering: | Middels |
Høydemeter totalt: | 88 |
Sesong: | April - Oktober |
Område: | Austheiene Telemark Vest-telemark |
Kunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kaféen på Mjonøy, før eller etter turen.
Turen går i lett skogsterreng langs elva. Vakre fossefall og eit canyonliknande landskap kallar fram fotoapparatet frå sekken. Er veret fint, kan ein lauge seg i Kleivastøylhylen.
Oppe på toppen av løypa inne i skogen openbarar Vinje biletgalleri seg. Biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle budde og arbeidde ei tid saman i Smørklepp. Galleriet har ei stor samling av bileta deira, som er viser stemningsfulle naturskildringar og folkeliv frå Telemark.