IGLETJØNNUTEN OG RAUDBLÆS I FYRESDAL

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.536 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 662
Sesong: April - Oktober
Område: Vest-telemark

Beskrivelse

Rute nr. 12-1 - Igletjønnuten - 949 moh.*
Når ein kjem opp på fjellryggen fylgjer ein denne til toppen. Ned att er det finast å gå ned i dalen mot nord, og opp på neste topp. Her ser ein rett ned i Basthomdalen. Fylg fjellryggen nedover til ein kryssar den gamle ”Valebjørgsvegen”, merka blått. Fylg denne vegen ned til høgre eit par hundre meter, og tak til venstre ved skilt. Hugs å skrive namnet ditt i boka.
Total lengde: 5 km. Stigning: 300 m. Terreng: Kort, delvis krevande kveldstur. Gangtid: 2 timar.
Raublæsheia.
Ein går forbi Kolshus og tufta etter Braute-støyl, storgardar, truleg utdøydde under Svartedauden 1350. Herifrå tek ein til venstre og følgjer traktorveg mot dei flotte Raudblæsberga, der ein kan sjå restane etter den eldste telefonlinja (ca. 1920).
På toppen av fjellryggen ser vi ein enorm flyttblokk som har blitt liggande utpå stupet ifrå istida. Vidare mot det nordre punktet på rundturen. Her ser ein Igletjønnuten i aust. Ref. rute 12.1. Stigen sørover fylgjer den gamle Valebjørgsvegen. Frå Brautestøyl fylgjer ein same vegen ned att som ein gjekk opp.
Total lengde: ca. 7km. Terreng: Middels. Gangtid: 4 timar

Adkomst

Køyr FV 355 til Basthommen, vegen over Våmur på det høgaste. Parker ved den breie elva. Gå riksvegen 200 m.mot syd til det høgste punktet. Gå rett opp berga, forbi ei hytte og fylg stigen vidare mot toppen. Rute nr.12-2 - Raublæsheia/Våmur/Igletjønnuten Køyr FV 355 til skiltet ved Vikåne hyttegrend ca.16 km frå Fyresdal sentrum.Gå inn bomvegen ca. 5-600 m. Fylg merka veg i nordleg retning og fylg traktorvegen mot Raudblæs-berga.