(16) Klovskarfjedlet og Melen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 16.255 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1159
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

”På denne turen får ein oppleva Fitjarfjella frå lågland, gjennom flotte myrlandskap, langs fjellvatn og opp på fjelltopp i over 500 meters høgd. Kanskje er dette noko av det flottaste ein kan by på i Fitjarfjedlet.” (frå Opptur i Hordaland).

Turen begynner på traktorveg. Ved mykje vatn lyt bru over Tveitaelva nyttast. Oppover på veg ca. 1.5 km til stikryss med skilt mot nord og Klovskarfjedlet. Først i slakt landskap, vidare bratt på nordsida av Klovskarvatnet. Stikryss mellom Botnavatnet og Klovskarvatnet, mot Klovskarfjedlet. Følg toppane mot varden på Inste Klovskarfjedlet (555 moh.). Stien går ned gjennom eidet og Klovskar. Gå på vestsida av Kongsskogvatnet, vidare på vestsida av Inste Sørlivatnet og Ytste Sørlivatnet. Ved utløpet er det rasteplass med turbok, bord og benk. Stikryss med skilt mot Melssåto i nord. Frå toppen (499 moh.) går stien vestover ned på vestsida av Klovskarvatnet. Gå over bru og følg stien ned til den møter same sti/traktorveg som du kom opp. Han tek deg attende til Dalshaugane.

Adkomst

Parkering: God parkeringsplass ved austsida av fv. 545, mellom Årbø og Tveita.