Fløyen og Grønefjell frå Sande

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.06 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 963
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå parkering langs rv13 ved det gamle kommunehuset går du 100 meter austover og tar opp grusvegen mot garden Byrkjefleten, Skagevegen. Før du kjem til sjølve garden tek stien av frå eit tun på venstre side før ei betongbru. Stien er tydeleg og går opp gjennom tett skog til eit stidele. Her kan du ta til venstre og bratt, men ikkje dramatisk, direkte opp til Fløyen, eller ta til høgre for ein lengre, men mykje slakare tur om Skagestølen. Frå varden på Fløyen 690 moh kan du sjå rett ned i Sande sentrum.

Frå Fløyen kan du òg sjå inn til varden på Grønefjellet. Stien går slakt oppover i ope terreng og er lett å følgje. Turen er omtalt i boka "Opptur - 267 fotturar i Sogn og Fjordane", Anne Rudsengen, Selja forlag 2005, s. 387.

Adkomst

Bil eller buss til Sande i Sunnfjord. Det gamle kommunehuset ligg ved rv13 rett bortanfor brua i sentrum.

Stoppesteder

Både lokalbussar frå Førde sørover mot Vadheim og Høyanger, samt ekspressbussane til Bergen køyrer innom Sande. Sjå kringom.no