Lauvsete

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.642 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 164
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Ruta er merka med merkepinnar med raud maling og kvitt merkeband med DNT logo.

Merking startar på Hansamyra / Hansaflaten på Holsetervegen. Køyr til Haukås, bomveg vidare mot Holseter. Stopp på Hansmyra, lang bein og flat strekning, liten parkeringsplass til 2-3 bilar På høgre side. Etter eit par 100 m går stien over elva i ein sving nedanfor liten foss. Viss det er mykje vatn i elva, er det vanskeleg å koma over. Det er ei lita, gammmal bru rett over den vesle fossen, det er mogleg å gå over her, men gjer dine eigne vurderingar om det er trygt. Det er ei rute som er vanskeleg å beskriva - me har heller merka ganske grundig

GPS sporet er omtrentleg teikna inn, og ikkje noko å navigere etter. Betre kjem.

Adkomst

Følg skilting til Haukås frå rv49. Vidare på vegen mot Holsete (bomveg). Når vegen flatar ut (Hansamyre), kan du parkera på høgre side av vegen.