Orkja frå austleg side

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.626 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 504
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Denne ruta opp på Orkja startar på den austlege sida av fjellet. Ruta har tydeleg og godt merka sti (i 2018). I starten går turen i lett og ope terreng med eldre bjørkeskog. Etter å ha passert eit lite granfelt held du fram i myrlendt beiteterreng eit stykke. Du har flott utsikt mot Dvergsdalsdalen og Grovabreen oppover stien. Når du nærmar deg toppen snor stien seg litt slik at du får flott utsikt mot Skei og Kjøsnesfjordbrua. I det stien tek deg opp på ryggen som vender mot toppen, vert stien noko meir vanskeleg å sjå i terrenget. Men det er relativt godt varda med små steinvardar i dette området.

Denne ruta er den kortaste opp på Orkja. Dette gjer den også noko brattare. Tidsbruk på 45-90 minutt opp. Her avheng det av kor vand du er med å gå i bratt terreng. Tilsvarande vert det ned att.

Du kan kombinere ruta opp på Orkja med ein av dei to andre rutene. Det er fint å gå på grusvegen som går mellom gardane i Dvergsdalsdalen. Det kan derfor vere fint å lage seg ein kominasjon av dei ulike rutene og få ein rundtur. Om du går opp frå vest (Myklebust) og ned i aust har du gått over heile fjellet.

"Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå." Gamal regle frå Jølster, som omtalar Orkja som "skredfjellet.

Adkomst

Følg fylkesveg 451 (Nikolai Astrups veg) og ta av mot Dvergsdalsdalen, Du parkerer på parkeringsplassen ved sandtaket der det er laga til parkering for turen opp på Hamnanova.

Linker