Langeland - Gjøsetstølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.721 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 198
Sesong: Mai - Desember
Område: Fjordane Svarteliåsmyra naturreservat

Beskrivelse

Turen startar frå Langeland Ski- og Fritidssenter og følgjer sprintløypa oppfrå stadion til ein grusveg går av til venstre ovanfor stadion. Denne vegen følgjer du vidare nedover mot flyplassen og tek til høgre før Gjøsetelva. Herfrå går vegen nordover til den ender, og du må følgje turløypetrasèen vidare til Gjøset. På denne strekninga passerer du skilt for skitrasè til Fauskestølen og den merka turstien til Massbu og Laukeland. Vegen er god, men løypetrasèen går til dels i myr og kan vere blaut. Sporet er lett å se, og er i tillegg merka med gjerdetstolper.

Adkomst

E39 til Skilbreid og skilta avkøyring til skisenteret. Du kan òg køyre mot Bringelandsåsen og gå på veg frå svingen nedanfor flyplassen, passere bru over Gjøsetelva og ta til venstre etter denne.

Stoppesteder

Det går bussar frå Førde rutebilstasjon sørover mot Sande, Vadheim, Dale, Hyllestad, Høyanger, Lavik og Bergen.