Heljesteinen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.352 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 509
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Parker ved vegen opp til Byrkjesete, evt køyr opp til stølen dersom nokon har bomnøkkel. Oppe på stølen tek du til venstre, retning Kvennaskogen. Etter ca 100 m tek du til høgre, på tydleg sti (etterkvart) som går forbi hytta du ser på bildet . Like før sjølve høgda på Nipen (toppen med ei høg mast på) tek du til høgre opp ein liten motbakke. Du har då eit lite vatn nede til venstre, følg tydeleg sti nordover – retning Iendefjell, som du straks får sjå framfor deg. Du passerer etterkvart nokre små «pyttar» både til høgre og til venstre. Utsikten ved Heljesteinen er storslagen mot både Byrkjefjell, Fotasperrnuten, Iendefjell, nedre og og øvre Steinskvanndalen.

Adkomst

Parkering ved Tokagjelet mot P-avgift. Til Tokagjelet kjem du via riksveg 7 frå Norheimsund eller Bergen.

Stoppesteder

Buss frå Norheimsund eller Bergen.