SKYKKJESET

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.51 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 380
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

SKYKKJESET

Høgdemeter over havet: omlag 750 m

Lengde: 3,5 km

Tid: 1 - 1,5 time ein veg.

Gradering: Dette er ein tur som passer for alle.

Vegskildring: Ta av frå Fylkesveg 13 rett før bomstasjonen på Bulko og køyr gamlevegen mot Skjervsfossen. Ta av til venstre i ein skarp sving på Moe mot Jørdre og Skår. Hald mot venstre til du ser eit skilt mot Skaftedal. Omlag 3,2 km. Parker ved hyttene og ferista. Det er tydeleg sti heile vegen inn til Skykkjeset. Turen er ca. 3 kilometer ein veg. Det tar ca. 2,5 timar begge vegar. Frå ferista på Jørdretveita går du opp grusvegen. Det er skilta mot Skykkjeset og Hondalsnuten ved starten av stien. (Pass på å lukke grindene etter deg). Mesteparten av stigninga er på den fyrste kilometeren. Etter ca 500 meter kjem du til »Lyngebekk». Ca. halvvegs kjem du til «Halvgjenge». Der er det eit ope område med ein fin stein til å ta ein liten rast, for dei som treng det. (me vil ikkje tilråde å drikke vatnet frå bekken, då den renn ut i frå eit myrområde). Etter ca 2 kilometer kjem du til «Leitet». Her kan du sjå inn til Skykkjeset. Den siste biten kan vera myrete. Det kan kan vera lurt å gå litt på oppsida av stien for å unngå dei blautaste områda. Hvis du følgjer stien kjem du til ei bru der du kan krysse Skykkjesetelva.


Turtips: For dei som er spreke er det eit flott utgangspunkt for ein lengre tur opp mot Hondalsnuten. Hvis du held til høgre mot Hengsdalsskar, og så går opp mot botnane, kjem du til Steinhytta. Ei lita jakthytte som vart restaurert på 80- talet.

GOD TUR!