Rundtur via Vorfjellet og Navarsete

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.975 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 930
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Denne turen startar frå parkeringen i Engjadalen. Her deler vegen seg. Gå mot Brunestegen i nordvestleg retning. Det er ca. 2 km på grusveg opp til starten på stien. Turen til Vorfjellet ligg forklart her på UT. Etter Vorfjellet er det i starten god sti som er merkt. Då nedstigningen mot Heggedalsvatnet byrjar, er det lite eller ingen sti. Raudmerking på stein og stolpar. Etterkvart kjem du innatt på stien som går rundt fjellet. Hald retningen mot sydspissen av Heggedalsvatnet. Her må du kryssa elva på ei ødelagt bru. Det er heilt uproblematisk. Då går vegen nedover mot stølen i Heggedalen i eit fantastisk landskap. Ved stølen må ein gå over brua til andre sida av elva. Deretter går du ned mot Navarsete. Her har DNT ei hytte. Vidare fortsetter du ned mot parkeringsplassen i Engjadalen. Denne turen kan anbefalast for heile familien.

Adkomst

(Forklaring teken frå turskildringen til Vorfjellet). Køyr av fylkesveg 55 til Gaupne, og køyr rett fram i første kryss. Køyr oppover Engjadalsvegen. Køyr nokre kilometer oppover til du kjem til ein parkeringsplass på høgre side. Det er mogleg å køyre opp til Brunestegen. Dette kostar 50 kroner.