Store Høydal - Simavatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.408 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 719
Sesong: Juni - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Du går bilvegen frå der du parkerte og tar av til skogsvegen på venstre sida langsmed elva. På skogsvegen og stien opp finn du nokre raude merker og vardar. Ta av skogsveien og gå gjennom grida der det står tomme malingspann på. Du kjem til ei lita bru. Gå over og rett fram finn du stien inn til Høydalsvatnet. Der stien deler seg, ved skilt til Håsteinen ( T ), tek du til høgre på god sti gjennom fin bjørkeskog. Terrenget blir her brattare, men fint å gå. Stigning på omlag 200 høgdemeter frå Høydalsvatnet til du kjem opp og terrenget flatar ut. Undervegs er der ei fantastisk utsikt mot Høydalsvatnet, Florø og øyane i vest. Simavatnet og gjetarhytta/Simastova kjem til syne når du er komen opp over det bratte partiet.

Simastova er eigd av Standal beitelag.

Dersom du vil kan du ta ein rundtur. Følg over høyden bak hytta og du kjem til stien som går til Høydalsnipa og Håsteinen.

Adkomst

Turen startar frå Store Høydal. Vi startar på skogsveg (elv på høgre side av skogsvegen). Parkering ved grustak ca. 50 meter nærmare Stavang

Linker