Indre Fossheimsstøylen og Instebotnvatn

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.122 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 295
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Dette er ein fin støylstur der du går i slakt og fint terreng heile vegen inn til Indre Fossheimstøylen. Du går på god og delvis steinlagt sti frå Dammen til Fossheimsstøylen. Steinlegginga gjer det lett og fint å gå heile vegen, og gjer at turen passar for alle generasjonar. Du møter ei idyllisk støylstomt med rennande vatn og små badekulpar rundt. Det går fint å bruke ein heil dag med kos her! 

Om du vil forlenge turen kan du gå vidare på god sti til idylliske Instebotnvatn. Her er det fint å campe og bade, og det skal visst nok også vere fisk i dette vatnet. Det kan vere fint å slå opp telt og bruke ei natt i område ved Instebotnvatnet.

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 ved Skei skule og køyr skogsveg opp Fossheimsdalen. Bom til skogsveg kostar 50 kr (Vipps). Parkering i enden av skogsvegen ved Dammen.