Årnes - Abbortjern/Abborvann - Skansebakken

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.513 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 370
Sesong: April - Oktober
Område: Bærumsmarka Oslomarka

Beskrivelse

Dette er ein fin tur i grenseområdet mellom Nordmarka og Bærumsmarka. Turen går på blåmerka sti med unntak av nokre korte parti på grusveg. Både startpunkt og sluttpunkt ligg ved traseen til 41-bussen. Turen kan sjølvsagt også gjennomførast motsett veg.

Abborvann, som også går under namna Abbortjern og Åbortjern, er eit naturleg punkt for ein lang og god pause. Her er det fleire idylliske og tilrettelagde bålplassar. Du kan også henge opp hengekøya, prøve fisket (hugs fiskekort) eller ta eit bad.

Frå Abborvann er det også mulig å gå ned til Fossum P via Østernvann (sjå https://www.ut.no/tur/2.23089/).

Stien er blåmerka heile vegen. Følg skilting til Abborvann fram til vatnet, og deretter mot Skansebakken.

Det er mulig å forlenge turen med ca. 5 kilometer ved å følge "Sørkedalen på langs"-ruta frå Skansebakken tilbake til Årnes.

Adkomst

Parkering ved Årnes. Buss er å anbefale.

Stoppesteder

Buss 41 til Årnes. Same buss tilbake frå Skansebakken. Bussen går ein gong i timen.