Godøyfjellet - Alnes

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.303 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 906
Sesong: April - Oktober
Område: Sunnmøre

Beskrivelse

Ein fin tur som inneheld alt ein tur kan by på. Storhavet og bølgeskvulp på oppstigninga til Alnesvatnet, total stillheit oppe på fjellet og fargespel i havet når ein går fjøra tilbake til Alnes.
Stien opp på fjellet og ned på andre sida er tydeleg og merka. Også langs føra er den merka, men her må ein passe på å ikkje miste dei raude merka. Ein går på berg/stein og ur og nær sjøen. Langs dei raude merka kan ein sjå at det har vore jobba med stien. Den kan enkelte plasser være krevjande for små barn og for dei som har med hund.På enkelte parti er det lagt ut kjetting for sikrare ferdsel.
Fin utsikt både under oppstigninga og nedstigninga uansett kva veg ein går.

Adkomst

Frå Ålesund Rv 658 gjennom tre undersjøiske tuneller. Følg Fv 125 mot Alnes. Stor parkeringsplass like etter Alnestunellen. Ingen parkeringsavgift.

Linker