(19) Sponavik - Gullberg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.286 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 57
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Turen startar i Sponavikjo ved badestranda. I Gullberg kan ein sjå merkje etter den eldste gruvedrifta på Stord som starta i 1689 då dei leita etter kopar. Namnet Gullberg kjem av at koparkisen glimtar som gull i fjellet. Siste gong det var gruvedrift i Gullberg var i 1860-1870. Stordø Kisgruber tok over i 1915 og prøvde med diamantboring, men dei fann lite. Oppe på Store Gullberg er det restar etter ein signalstasjon frå krigen og her er utsikt til Bjoa, Tittelsnes, Borgundøya og Bømlafjorden heilt sør til Sletta. Ein må opp til Litla Gullberg, 81 moh, for å få den finaste utsikta. Heile dette vesle naturområdet er kjend for sitt mangfald av blomar, kristorn, krossved og bererberis. I delar av skogen vert det dreive juletreproduksjon.

Adkomst

Følg skilting til Sponavik frå rundkjøringa i Leirvik sentrum.