Ålhusstøylen og Grøneneven

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.331 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 702
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar i gardstun på Ålhus rett nord for kyrkja på Ålhus. Du startar med å gå på slakt stigande skogsveg innover dalføret. Etter ei stund går skogsvegen bratt oppover mot Ålhusstøylen. Skogsvegen endar på støylen, der du får flott utsikt over Jølstravatnet, Ålhus og grenda Sandal på andre sida av vatnet. Turen på skogsvegen opp til støylen er enkel å gå, og tek omlag 45-60 minutt. Turen til støylen er gradert som grøn, og høver for barnefamiliar å gå.

For å kome til Grøneneven går du i nordleg retning etter støylen. Frå du forlet skogsvegen på støylen går du no i myrlendt og noko bratt terreng heilt opp. Det er ikkje tydeleg sti, men den vart merka som fjelltrim i 2019. Pga. dette finn du nokre raude merke å følgje i terrenget både opp og ned. Noko tung mark å gå i oppover. Det er ingen elvepasseringar. Turen frå støylen tek omlag 45-60 minutt. Flott utsiktspunkt på toppen.

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 på Ålhus. Parker ved Ålhus Kyrkje. Etter å ha passert Ålhus kyrkje går du omlag 200 meter. Skogsvegen til Ålhusstøylen startar bak fjøsen i det siste gardstunet før du møter brua som går elva som kjem ned frå Nedrebødalen.