Tindefjellet og Gygra - rundtur frå Svidalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.325 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1137
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ein flott rundtur opp på baksida av Tindefjellet, med retur via Gygra på den austlege sida av fjellet. Rundturen er ikkje så alt for lang og krevande og passar for dei som likar å gå ein god fjelltur når været er bra. Det er ein fordel at du både startar og avsluttar turen i Svidalen i Jølster. 

Denne turen startar med å følgje den gamle stien langs elva opp mot Svidalsstøylane. Det er både kjekkare og lettare å gå på sti opp her enn å følgje traktorvegen. Langs elva får du og sjå spor etter dei enorme rasa som gikk i dette området i 2019. Om du ønsker det kan du følgje traktorvegen opp til du kjem in på sti som går mot Svidalsstøylane. 

Etter å ha passert dei siste støylshusa på Svidalsstøylane går du vidare på sti som går i terrenget på baksida av Tindefjellet. Lett og fint terreng å gå i. Stien er tidvis merka etter ein fjelltrimpost. Du kjem opp på ryggen og kjem inn på den enno tydeligare stien som kjem opp frå Vassenden. her finn du og ein ganske markant varde. Frå dette punktet endrar og utsikta seg til at du ser langt mot vest og rett på Jølster skisenter. Følg den gode stien heilt til varden på toppen av Tindefjellet. 

Frå toppen går du i austleg retning mot Gygra. Det er delvis merka nedover, og du vil tidvis finne sti. Det er lett og fint terreng å gå i ned til Gygra. Du har vid og god utsikt over Jølstravatnet nedover. I Gygra er det verdt å ta ein liten stopp før du går vidare i meir myrlendt og vått terreng ned att mot Svidalen. I 2021 var det lokal fjelltrimpost iGygra, og stien frå Svidalen til Gygra vart merka på nytt dette året.

AC Kapstad for IST  

Adkomst

Ta av E39 og køyr opp til Svidalen. Parker på tilrettelagt toppturparkering. 

Linker