Langedal til Sætelistøylen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.315 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 417
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Tur til Sætelistøylen frå Langedal.

Frå parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæteli går du traktorvegen oppover. I krysset ca 800 m oppe i dalen tek du til høgre og fortset denne traktorvegen til endes. Etter at du tek av frå traktorvegen tek du til høgre i første stidele, ved Litlevatnet. Det er skilta til Sætelistøylen.  

Følg stien innover/austover mot Litlevatnet og Litlevatnhytta. Dette er den nye støylen til Sætelia, men Sætelistøylen ligg lenger mot aust. Fortset forbi hytta og ned til Litlevasselva, der er bru ca 100 m nedanfor utløpet av Litlevatnet. Gå over brua og gå på nordsida av Strupen. Gå langs Strupeelva opp til støylen.

Sporet på kartet går ein veg, så hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Frå Langedal parkeringsplassen ovanfor Rv 5 mellom Langedal og Sæteli

Linker