Berge med Bergesfjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 0.494 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 15 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 89
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Terreng: bratt stigning opp til ca. 126 m.o.h. Berge har eit særmerkt kulturlandskap. Stien endar ved funn som er gjorde i torvmyrane her oppe. Funna er frå vikingtida; vevsteinar og handkvernsteinar. Desse ligg no på lemen på Bergehuset. Det er eit flott utsyn frå dette fjellplatået, som geologar meiner er flytta hit under ei fjellkjedefalding i oldtida.
Bergehuset er vel verdt eit besøk. Bømlo Tur- og Sogelag eig huset. Det er
etter måten stort, 13,2 x 7 meter og har skut i nordre enden. I fyrste høgda er
det gong, to stover, to kammers og kjøkken med grue. Andre høgda har ein
stor sal i kvar ende, med utelem og kammers i midten. Huset er bygt av tømra
vegger, med bordkledning utvendig og pannetak. Bergehuset blir nytta som
“kulturstove” ved ulike høve. Bergehuset er eit stort gammalt gardshus frå 1830- talet.

Bømlo tur - og sogelag arrangerer ein tursti-konkurranse på stiane på Søra Bømlo. Målet med dette er å motivere fleire til å nytte den flotte naturen på Bømlo. Alle stiane er familievenlege og lett tilgjengelege for små og store. Konkurransen startar 1. februar 2015 og varer fram til 1. november 2015. Trekning blir i løpet av november. Sjå følgjande link:
http://www.b-ts.no/Sogelaget/Oppslagstavle/Innlegg/2015/1/16_Tursti-konkurranse_files/Tursti-info.pdf

Adkomst

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka “Berge”. Det går
bilveg fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km.
Frå Bergehuset går merka sti opp på fjellet. Flott utsiktspunkt på topppen av Bergesfjellet. Skilt merka “Bergesfjellet” syner lettaste vegen.

Linker