Vatnastølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.402 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 599
Sesong: April - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Turen går til Vatnastølen (500 m.o.h). Dette er eit nydeleg område på grensa til høgfjellet. Stien ein går er den samme som ein går til Hellesætra. Turen startar ved parkeringsplassen på sørsida av Dalevågtunnelen, og ein følgjer vegen gjennom gardstunet oppom parkeringsplassen. Deretter kan ein kan velje om ein vil gå den opprinnelege stien rett opp lia, eller den nyare skogsvegen som gjev ein litt slakkare start på turen. På vått føre anbefalast det å gå skogsvegen, då stien er ganske bratt og kan bli glatt å gå når det er vått. Skogsvegen går opp til ca 200 m.o.h. Når skogsvegen sluttar er det tydeleg sti til fjells. Når ein kjem til Hellesætra går turen vidare langs elva opp til Vatnastølen.

Adkomst

Parkering på sørsida av Dalevågtunnelen.

Stoppesteder

Buss til Helle nord. Tog til Stanghelle stasjon, gå til Helle via Brekkjen ca 3 km.