Kyrarekkje

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.862 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 544
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Denne turen kallast Kyrarekkje og har namn etter den gamle stølsvegen ein brukte for å få kyr opp på Dalestølen. Denne skildringa av turen startar på Helle, men ein kan og gå opp på Dalegarden. Turen kan og fint kombinerast med ein tur til Hellesætra. Dette er også ein fin trugetur vinterstid.

Turen startar ved parkeringsplassen på sørsida av Dalevågtunnelen, og ein følgjer vegen gjennom gardstunet oppom parkeringsplassen. Følg skogsvegen vidare og ta til venstre når ein er nesten på toppen av denne. Deretter fylgjer ein godt merka sti til postkassen som ligg på ca 390 m.o.h. Frå postkassen er det godt merka sti videre til Dalegarden eller til Hellesætra.

Adkomst

Parkering på sørsida av Dalevågtunnelen.

Stoppesteder

Buss til Helle nord. Tog til Stanghelle stasjon, gå til Helle via Brekkjen ca 3 km.