Under Smørstakken

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.53 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 435
Sesong: Mars - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Denne turen går til foten av Smørstakken, i nærheten av utkikkspunktet Berget (250 m.o.h.). Går ein litt forbi postkassen kjem ein til eit stup der fjellveggen går rett ned i Veafjorden noko som gjev ein utsikt som kitlar i magen. Turen startar på Hellestræet, og fyljer i starten samme stien som til Storafjellet gjennom Kalddalen. Etter den fyrste stigninga flatar det fint ut og stien går via ein del myrer til postkassen.

Turmålet kan også fint inngå i ein rundtur, der ein kan gå via Stutto og Fjordspennet.

Adkomst

Parkering langs vegen sør for jernbaneovergangen

Stoppesteder

Buss til Helle sør, og gå ca 1 km til langs Hellevegen til Hellestræet. Tog til Stanghelle stasjon, gå ca 3 km via Brekkjen og Hellevegen til Hellestræet.