Grov til Uførefjellet 310 moh

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.082 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 300
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Uførefjellet har navnet sitt frå den fråflytta garden Uføre som ligg ved Norddalsfjorden nordvest for Uførefjellet. Fjellet blir og kalt Sundafjellet og er ein langstrekt åsrygg som går aust-vest mellom dei to fjordane Eikefjorden på sørsida og Norddalsfjorden i nord. Den er skogvokst med furu øverst. På den bratte sørsida er det bjørkeskog i aust og varmekjær lauvskog i vest. På nordsida finst mykje bjørkeskog med innslag av furu og granplanting.

Turen starter ved trafostasjonen på Grov og du går på sørsida. Det er skilt som viser starten på turen. Stien er rimeleg tydelig. Du føl ryggen vestover og ser ned på Helgøya, Leversundet og over til Fjellvik. Følg stien vestover og gjennom skogen. Høgste toppen på Uførefjellet er 310 moh. Denne går du over og vidare utover til du kjem til utkikkspunktet. Her får du utsikt vest i havet mot Florø by og øyane utafor.

Vis omsyn når du parkerer slik at tilkomsten til Trafostasjonen ikkje vert blokkert!

Sporet på kartet er gått 09 07 2020 og går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Ta av frå Rv 5 til Fv 614 mot Bremanger/Svelgen og parker ved trafostasjonen på Grov på venstre side av vegen.

Linker