Laukelandshesten

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.729 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 485
Sesong: Mai - September
Område: Fjordane

Beskrivelse

Laukelandshesten er ein relativt kort og enkel tur som gir mykje attende i form av spanande sti og utsikt på toppen. Vel oppe får du god utsikt over store delar av Dalsfjorden som ligg under deg, og du ser frå Bygstad i aust til Dale i vest. Du får spesielt flott perspektiv mot fjellet Fløyen i Fjaler og Dalsfjordbrua, og du får oppleve Blæja og Storehesten frå ei heilt nye vinkel.

Turen startar frå der skogsvegen du køyrer på startar å flate ut. I starten er det nokre raude merke å orientere etter, men etterkvart må du sjølv spore stien på eigahand sidan turen ikkje er merka med anna enn enkelte småvardar.

Etter å ha kome over skoggrensa går du eit kort stykke i nordaustleg retning. I starten av dette partiet går du eit stykke på svaberg og i litt ur før du kjem opp under sjølve fjellet. Her skiftar du retning og held fram med å gå i nordaustleg retning under fjellet. Stien her går på ei spanande og flott hylleformasjon. Etter kvart går du i nord-austleg retning igjen. Her er det noko myrlendt terreng fram til du kjem opp til topp-platået, der du går på stein i svak stigning i sørleg retning siste stykket opp mot varden.

Turen opp tek omlag 60-120 minuttar.

Adkomst

Frå Bygstad følgjer du Fv 391 skilta mot Laukeland. På Laukeland kan du mot avgift (50 kr i 2019) køyre skogsveg opp mot startpunktet av turen. Lat att grinder etter deg og ta omsyn til beitedyr. Parkering må skje utan at det er til hinder for trafikk på skogsvegen.