Vandring opp Smådalane i Høyangerfjella

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.986 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 405
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar ved Siplovatnet på ein fin grusveg forbi Siplo skisenter før ein begynner på stigninga. Ein følgjer denne vegen eit stykke før ein tek av til høgre på godt merka sti. Denne er merka med raude merke heile vegen. Ein kjem så inn i Smådalen og følgjer merka sti vidare opp til hyttene. Her kan det vere noko myrete nokon stader.

Vidare kjem ein til Velsedalsvatnet som ein skal ha på venstre hand. Her må ein gå gjennom ei ur langs vatnet før ein vidare følgjer dalen oppover langs elva til ein kjem opp på kanten av Skåbakken og «sjokoladeboksen». Ved «sjokoladeboksen» er det fint å ta seg ein pause og nyte turen og fjella. Her er ingen fysisk boks (men ei stong), men blant lokale hyttefolk er dette ein mykje bruka pauseplass.

Skåbakken openberrar seg med sine to vatn, stien går ned mellom desse og ein går tørrskodd over og på høgre side av Store Skåbakkevatn. Ein følgjer stien vidare til ei lita demning og får utsikt utover Breidalen.

Om ein vil kan ein gå ned i Breidalen og følgje grusvegen ned igjen til bilen. Då vert dette ein fin rundtur kalla «Langhamrane rundt».

Eit anna alternativ er å gå opp til venstre, opp Holten og vidare inn til Storholsheia.

Adkomst

Køyr opp fjellvegen til Siplo. Sommarstid kan ein parkere ved ved krysset ut til Strupen eller ved demninga på Siplo. Vinterstid parkerer ein på parkeringsplass lenger nede.