Glitteregga, grensefjell mellom Stad kommune og Stryn kommune.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.193 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 784
Sesong: Mars - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå toppen av Glitteregga er det fin utsikt utover Hornindalsvatnet, og det er vanleg å gå hit både på ski/truger og til fots. Toppen er den høgaste i tidlegare Eid kommune. Turen har mange startpunkt: Åland, Randastøylen, Holmøyvika. Om sommaren er det vanlegast å gå frå Randastøylen. Dit er det bomveg + parkeringsavgift. Frå støylen er det fleire vegar å gå. Den enklaste er kanskje å følgje råsa langs elva oppover. Den går forbi ein stor stein med ein liten varde, før den kryssar neste elv. Råsa følgjer elva eit stykke på andre sida, før den går mot Holmøyskaret. For å kome til Glitteregga, kan ein følgje elva eit stykke, oppover Fagredalen (på sti). Vidare er det inga tydeleg rås, før ein møter merkesteinar når ein nærmar seg toppen.

Vinter; For å gå på ski til Glitteregga, er det vanlegaste å køyre til Ålandsleite og gå derifrå (obs: vegen vert ofte stengt på våren pga teleløysing). Frå Ålandsleite kan ein følgje ein skogsveg oppover, til ein nærmar seg skoggrensa. Når skogsvegen endar, held ein fram i same retning oppover, til ein kjem så høgt at det er enkelt og naturleg å krysse over til andre sida av elva. Toppen ligg slik til at ein ikkje ser den før ein er ganske nær. 

På toppen ser du ned i Hornindalsvatnet, i tillegg kan du sjå fjelltoppar som Skåla, Eggenipa, Lodalskåpa og Honndalsrokken på ein flott dag.

Adkomst

Frå Eid: Køyr til Lote sving av til venstre inn på Panoramavegen til Randabygda. Ta av til venstre, der det er skilta mot idrettsanlegg. Køyr eit kort stykke, ta av i første avkøyrsle til høgre, mot eit kvitt våningshus. Deretter er det 2,5 km på grusveg. Følg grusvegen til støylen. Ein kan parkere på ein parkeringsplass rett nedanfor Randastøylen. Hugs å ta med pengar til bomveg og parkering.