Topptur på ski til Vogga (1543 moh.)

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 19.642 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet:
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1341
Sesong: Mars - Mai
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Vestlandet er på sitt aller veneste i mai, og skituren langs austsida av Fjærlandsfjorden er kjend som ein av dei flottaste i fjordlandskapet.

På ein fin vårdag er skituren frå Hodlekve i Sogndalsdalen til Voggebreen, høgt over Fjærlandsfjorden, ei storslagen oppleving.

Turen går i vent heilandskap før ein tek seg opp i høgfjellet mot Synnevaskjer, Myrdalsbreen og «Vogga» på 1543 moh. Sognefjorden ligg mektig i sør. Beint under ligg Fjærlandsfjorden med Romhesten og dei karakteristiske brefalla nord om Fjærlandsbygda. Denne dagen glir skia lett ned Grindsdalen i Leikanger.

Nokre samanhengande godvêrsdagar og utstyr for ei eller to overnattingar, gjev ei stor turoppleving langs jellryggane nordover mot Fjærland.

Adkomst

Sogndalsdalen ligg 15 min køyring frå Sogndal sentrum. Frå Sogndal er det 3,5 timar til Bergen og 5,5 timar frå Oslo.