Norddalsfjord via Solheimsstølen, Norddalsstølen, Ytre Strandastølen til Tonheim

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.956 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 612
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ein av dei gamle ferdslevegane frå Norddalsfjord til Eikefjord. Ved å følgje denne kan ein kome frå Midtbø i Norddalsfjord til Tonheim i Eikefjord.

Køyr til Norddalsfjord og etter 10 km ta av over brua i vestenden av Midtbøvatnet. Køyr til vegs endes, til Kordølene og parker der.

Pilskilt viser stien til Fiskevatnet som er godt merka med raude trekantar og raude pålar. Følg den raude merkinga langs nordsida av Fiskevatnet. Stien kryssar dei to utlaupselvane frå Fiskevatnet tett ved vatnet. Følg den raude merkinga til du kjem til ein bratt kant (Holtestellet) og gå opp på Kvilet.

(Dersom det er stor vassføring slik at det er vanskeleg å kome over elvane ut av Fiskevatnet kan du svinge nordover vest for Ospehaugen og krysse elva på ei bru over utlaupet av Tjørna. Etterpå går du mot sør igjen til du møter dei raude merkene igjen)

Nokre få meter vest om Kvilet er det pilskilt til Hogalia. Stien til Hogalia, og over Skreene til Hovlandsstølane på Eikefjordsida er også godt merka.

Turen til Tonheim held fram rett vestover frå Kvilet. Ved Utlivatnet svingar stien sørover og til Solheimsstøylen i austre enden av Stølsvatnet. Vidare går du langs sørsida av Stølsvatnet til Nordalsstølen. Der det er stølshus som vert mykje brukt. Siste støylen på ruta til Tonheim er Ytre Strandastølen. Herifrå går ein den trekantmerka stien ned til Tonheim og Tonheimsstranda i Eikefjord.

Turen er teikna inn i kartet og ikkje gått med spor. Derfor kun ei rettesnor til trace og lengre i tal km enn vist. Turen kan gåast motsett veg - frå Eikefjord til Norddalsfjord.

God tur!

Adkomst

Kjør til Norddalsfjord fylkesvei 544 og etter 10 km ta av over brua i vestenden av Midtbøvatnet. Kjør til vegs endes, til Kordølene og parker der.

Linker