Kulturminnetur: Skåleviksdammen i Fjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.962 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 89
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Ved utlaupet av Inste Skålevikvatnet, finn vi ein etter måten stor, forseggjort, handmurt demning. Demninga vart oppført i samband med tilførsle av vatn til drift av mølle på kaien i Skålvika. Mølla vart bygd og teken i bruk i 1890 og var i drift inntil ho brann ned i august 1915. Årsaka til brannen var at møllesteinane gjekk seg varme. Mølla mol kveite, bygg og mais til grossistar i Bergen. Sidan vart det bygd elektrisitetsverk på Skålevik kai. Dette var i drift frå 1916 til 1952. Etter den tid var det i ein periode plastindustri. I seinare år har ein hatt, og har framleis nytte av demninga i samband med smoltoppdrett.


Demninga har dobbel mur med stampa torv som stabilisering i midten. Etter som vatnet gjennom tida har pressa på og runne under demninga, har noko av torva forsvunne eller sige saman. Dette har i seinare år ført til at det ikkje har vore forsvarleg å gå på demninga. Det har no blitt ført opp ein ny demning i betong på oppsida. Dette er med på å redusere vasstrykket mot den gamle demninga. Turen tek til på anleggsveg nede i Skålvika og vidare langs rørgata fram til demninga ved Ytste Skålevikvatnet. Her tek du til venstre, følgjer først langs vestida av vatnet, før du tek til høgre og går langs nordsida av vatnet fram til demningen ved Inste Skålevikvatnet.

Adkomst

Parkering ved Skålevik skule

Linker