Lisjetoren (1164 moh) i Volda kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.034 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 217
Sesong: Mars - Oktober
Område: Sunnmøre

Beskrivelse

Karakteristisk topp, med utsikt i fleire retningar, som kan gåast frå Kjenndalen (Stad kommune) eller frå Laurdalen (Bjørkedalen). 

Frå Laurdalen: Gå på stien ut frå parkeringsplassen i ca. 200 m før du dreier mot Lisjetoren. Du må over ei elv, og det enklaste kryssingspunktet er før nokre småelvar samlar seg. Du må då over 2 bekkar i staden for ei elv. Starten på stien kan vere litt vanskeleg å finne, men det kan løne seg å leite, fordi det er ein del kratt å forsere om ein ikkje finn den. Stien går langs ei elv eit godt stykke oppove,r før den forsvinn igjen.  

For å kome på toppen må ein gå en halvsirkel bakom toppen, det er best å gjere denne halvsirkelen så liten som mulig, sjølv om det er litt bratt. Oppe på toppen er det ei flate med fleire vardar, og med luftig utsikt i 3 retningar. Besøk gjerne Laurdalsetra når du tek turen, dette er ei idyllisk seter med Lisjetoren i bakgrunnen. Ein flott tur som tar ca 4 timar tur/retur

Adkomst

Køyr til Bjørkedalen, ta av frå hovedvegen der det skilta mot "Haugen", men fortset grusvegen rett opp bakkane i staden for asfaltvegen mot Haugen.

Det er skilta med "Laurdalen". Køyr til parkeringsplassen ved enden av vegen.