Oksen frå Røynstrand via Bjørndalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.715 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1369
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

OKSEN

Høgdemeter over havet: omlag 1241 m

Lengde: ca 11 km ein veg.

Tid: 4 - 5 timer ein veg.

Gradering: Dette er ein dagstur , ein lang og tung tur. Men fantastisk flott!

Vegskildring: Turen går frå Røynstrand i Granvin: Køyr til toppen av byggjefeltet og parker på snuplassen. Infotavle med alle rutene til Oksen står her. (privat parkering). Du fylgjer stien opp til Rausvollane, og det er merka med raudt. Ved Rausvollane går du vidare til høgre, følg stien mot Bjørndalen og Oksen. Det er både skilta og merka til Bjørndalen og vidare til Oksen. (sjå eigen turskildring til Bjørndalen på turlaget sine sider).Det er ca 4 km til Bjørndalen.

Frå Bjørndalen følgjer du raud merking vidare. Det er om lag 5 km frå Bjørndalen til Oksatjørnet. Dette er et særs fint område å gå i. Det er varda heile vegen og merka med raudt. Det første vatnet du kjem til heiter Lomtjørn. Vidare møter du på Fremsdalstjørnet som er noko større enn Lomtjørn. Du går vidare inn i Fremstdalen, og her er det veldig flott. Du kan og sjå Sauaskarstjørnet mot vest, men dette kan ein best sjå om ein går tilbake same veg. I øvste Fremstdalen går du gjennom ein smal dal og her kan du så vidt sjå øvste Fremsdalstjørnet når du er på returen, eller om du snur deg mot venstre . I enden på dalen opnar det seg ein flott utsikt mot Oksen. Du kjem til eit kryss der Eikensbua, som er ei veldig lita steinbu ( sjå eigen info ved bua) er rett ned i denne dalen. No kan du velje om du vil gå ned til bua, eller følgje stien litt til venstre, men over i same høgdedrag. Viss du vel å gå ned til Eikensbua er det bratt stigning opp att på andre sida. Bua har ein flott historie som det er verdt å få med seg. Etter å ha gått opp stigninga går stien vidare beint i retning mot Oksen stort sett. Langt framme kan du sjå Oksatjørnet og «Larsbu» (både ei gammal og ei ny hytte) og du kan og sjå Oksen i himmelsynet. Stien går noko nedover mot slutten når du nærmar deg Oksatjørnet. På flaten der det går ned mot Oksatjørnet vil du møte på Oksenløypa som kjem frå Stokksel. Her kan du gå via Småskorenuten og tilbake om Ingebjørgnuten, og ned til Stokksel om ein vil det. Herifrå går løypene saman til topps. Du vil og straks møte på løypa som kjem opp frå Djønno. I sørleg ende av tjørnet møter dei tre løypene frå Bjørndalen, Stokksel og Djønno, løypa frå Selstad. Frå Oksatjørnet er det og varda og merka mot toppen og det tek om lag ein time frå Oksatjørnet, og er ca 2 km. Turkassa heng på Varden og turboka ligg oppi. Du kan og gå heilt fram til Veten, den gamle hovudvarden for Indre Hardanger

Turtips 1: Gå raudmerka løype ned mot Hamre. Då går du via Seljenuten som har ei fantastisk utsikt ut fjorden.

Turtips 2: Gå raudmerka løype ned mot Stokksel. Då kan du og gå raudmerka løype via Ingebjørgnuten 1210 moh. Du kjem ned via Nonfjellhytta og ned til parkeringa på Stokksel. Ein utruleg flott tur!

Turtips 3: Gå raudmerka løype ned Fremsdalsbotn og ned til Selstad. Då kjem du ned på Hamrevegen, og det er omlag 3 km inn til Granvin på grusveg. Ein veldig flott tur!

Turtips 4: Gå raudmerka løype ned til Djønno. Då går du via Oksatjernet og ned Gadlsbrekko før du kjem ned i skogsvegen på Djønno. Dette er ein fantastisk tur der fjorden opnar seg innover heile vegen ned.

Turtips 5: Gå raudmerka løype ned til Tjoflotstølen/Vindhovden og vidare ned til Tjoflot. Ein veldig flott tur !

(Sjå eigne turskildringar for desse turane på www.granvin-turlag.no)

GOD TUR!

Granvin Turlag

Adkomst

Vegskildring: Turen går frå Røynstrand i Granvin: Køyr til toppen av byggjefeltet og parker på snuplassen. Infotavle med alle rutene til Oksen står her. (privat parkering).