Oksen frå Selstad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.736 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1448
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

OKSEN

Høgdemeter over havet: omlag 1241 m

Lengde: ca 7,5 km ein veg

Tid: 3-4 timer ein veg.

Gradering: Raud løype. Dette er ein tung tur.

Vegskildring: Turen går frå Selstad: Køyr frå Granvin sentrum og ut mot Hamre. Etter om lag 3 km kjem du til ein utkøyrsel der du kan parkere, og du ser her ei infotavle for alle turane til Oksen. Turen er skilta med mange fine stadnamn. Stien startar særs bratt opp i skogen, og du passarar ei stor furu Gleshaugfurua. Vidare kjem du til «Fossdalsløo»,(berre hjørnesteinane av tufta står att) og Fossdalen. Her kan det vera noko sig av vatn heile vegen. Du må krysse elva før du igjen fylgjer stien oppover til Fossdalsberget. Her har vi rydda fram eit flott utsiktspunkt. Det kan vera naturleg å ta seg ein liten kvil her, og sjå utover fjorden og til Folkedal. Det står og ein benk her. Du kan og sjå utover til Verkadalstuftene på andre sida av gjelet. Stien går vidare særs bratt eit godt stykke oppover. Når du er oppe frå det bratte opnar stien seg noko og du får på nytt utsikt ut fjorden. Du går lett utover før stien går nedover. Her har vi sett opp eit skilt til Oksen. Du må og krysse Nutebekken som kan vera noko glatt, her heng det tau til å halde seg i. Stien går no vidare rett utover og du kjem til Buførehaugen, og derifrå lett nedover til du kjem til Sauasteinen som er ein verkeleg stor stein. Det terrenget du skal gå i no er særdeles vakkert og du har begynt å gå i Verkadalslii. Det er ein flott bjørkeskog og stien går eit godt stykke inn og opp her. Når du so kjem til endes av skogen må du opp Kleivane og går vidare inn i Fremsdalsbotn. Her finn du gamle tufter (sjå infoark som heng ved tuftene). Deretter går stien igjen bratt oppover neste kolle og du kan sjå Larsbu og Oksatjørnet. Stien kryssar igjen elva ved utløpet og du går vidare på vestsida av tjørnet og du vil på nytt få ein liten kolle å passere . No går du nedatt i Oksatjørngjelet og krysser bekken. Du kjem nå innpå stien der alle løypene møtast (Stokksel, Røynstrand, Djønno ) og alle går i lag heilt opp til sjølve toppen/ varden på Oksen. Det er varda og merka fint oppover, og stien er enkel å fylgje.

Turkassa heng på Varden og turboka ligg oppi. Du kan og gå heilt fram til Veten, den gamle hovudvarden for Indre Hardanger

Turtips 1: Gå raudmerka løype ned mot Hamre. Då kan du gå via Seljenuten som har ei fantastisk utsikt ut fjorden.

Turtips 2: Gå raudmerka løype ned til Granvin via Bjørndalen Då kjem du ned i byggjefeltet på Røynstrand i Granvin. Kjempeflott tur !

Turtips 3: Gå raudmerka løype ned til Djønno Då går du via Oksatjernet og ned Gadlsbrekko før du kjem ned i skogsvegen på Djønno.

Turtips 4: Gå til Ingebjørgnuten 1210 moh frå Oksen, raudmerka sti. Gå løypa vidare ned mot Stokksel. Du kjem ned via Nonfjellhytta og ned til parkeringa på Stokksel. Ein utruleg flott tur!

Turtips 6: Gå raudmerka løype ned til Tjoflotstølen/Vindhovden og vidare ned til Tjoflot. Ein veldig flott tur !

(Sjå eigne turskildringar for desse turane på www.granvin-turlag.no)

GOD TUR! Granvin Turlag

Adkomst

Vegskildring: Turen går frå Selstad: Køyr frå Granvin sentrum og ut mot Hamre. Etter om lag 3 km kjem du til ein utkøyrsel der du kan parkere, og du ser her ei infotavle for alle turane til Oksen.