Oksen frå Hamre

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.461 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1390
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

OKSEN

Høgdemeter over havet: omlag 1241 m

Lengde: ca 6 km ein veg.

Tid: 3-4 timer ein veg.

Gradering: Dette er ein forholdsvis tung tur.

Vegskildring: Turen startar på Hamre, og går via den gamle Buførevegen eller «Seljenuten» ca. 7 km frå Granvin sentrum. Du køyrer forbi Granvin Bruk og ca. 7 km utover ein grusveg.

Turen startar ved Hamreelva; på ein skogsveg ca. 50 m frå parkeringa (før brua). Det er skilta mot Oksen i starten av skogsvegen. Det er merka med raudt heile vegen opp til Seljenuten og vidare. Det er skilta med lokale stadnamn heile vegen opp.

Du fylgjer skogsvegen til du har passert grinda på enden av vegen, og tek så av opp til høgre ca.15 m etter grinda. Du kjem då til skiltet Aoveitane. Stien går då mot venstre og skrått oppover i ein bakke. I enden av denne bakken fylgjer du stien oppover og passerer skilta Rinden og deretter Lessingaplassen. Herifrå er det grei sti til du kjem til Nestekleiv. Dette er eit litt ope område, der det går stiar i fleire retningar. Du skal fylgja stien som går rett oppover. Vidare er det tydelig sti som kryssar fram og tilbake, og du passerer skilta Kvile, Bråttekleiv, Lialøo og kjem til slutt til Seljesete, 350 moh. Dette er stølen som høyrer til Hamre, og her står det to gamle stølshus. Du er no nesten halvvegs til Seljenuten.

Stien vidare går til høgre på oppsida av det største stølshuset. Etter ca 50 m. kjem du til eit vegskilje med skilt til Tungo. Du fortset på stien mot Oksen. Stien går i litt varierande terreng med både slake og meir bratte parti. Du passerer skilta Stølshaugane, Kolasteinane og Stølsskarvet. Du kjem så til eit nytt punkt der stien deler seg. Her er det merka Nuten (gul merking) og Oksen/ Seljenuten (raud merking). Du fortset mot Oksen/ Seljenuten. Stien går oppover skrått mot først høgre og deretter venstre. Dette stykket er ganske bratt, og stien går meir eller mindre rett oppover til du kjem til det siste vegskiljet. Denne staden har namnet Vegaskifte. Her går det ein sti mot venstre og ein mot høgre. Begge vegane fører til slutt mot Seljenuten/Taubanehuset. Vegen mot venstre går på framsida av Seljenuten/taubanehuset via ein stige ( trygt, men litt luftig tur). (Om du ikkje ynskjer å klatre i stegane kan du ta stien som går til høgre ,mot Oksen. Då kjem du ovanfor taubanehuset). Postkassa heng på taubanehuset.

Vegen som går til høgre ved vegaskiftet er gamle Buførevegen, og går slakt skrått oppover ca. 500 m før den vinklar ganske bratt opp ca. 100 m til hytta til Johannes Hamre der du møter den merka vegen til Oksen. Om du tek ned til venstre her, endar du opp ved Taubanehuset/Seljenuten. Krysset er skilta.

Vegen vidare frå Seljenuten til Oksen, går bak taubanehuset og opp ei tretrapp. Stien går langs høgre kanten. Forbi to hytter. Den første får du på venstre side, ca 50 meter frå stien (Gåsøy og Elvatun si). Den andre hytta passerar du rett ved. ( Johannes Hamre si)

For begge rutene: Fortset forbi hytta til Johannes Hamre i omtrent same høgde langs kanten mot Middagsnuten. Fantastisk utsikt ut heile Hardangefjorden heile vegen. Her er det delvis sti og nokre markerte vardar, men raude merkepinnar er sett ut. Der ligg det to små hytter. Ei steinhytte og ei laftehytta (Martin og Agate Hamre sine) ca. 850 moh.

Stien til Oksen går bak mellom dei to hyttene i godt merka raud løype. Ca. 2,5 km til topps. Dei første 500 m opp til ein godt synleg varde er relativt tung. Vegen vidare frå denne varden og opp til toppen har litt lettare terreng. Siste kilometeren får de ei fantastisk utsikt bak dykk inn mot Hardangerbrua, Eidfjorden og Hardangerjøkulen.

Snart vil de komma til kanten av eit gjel (ikkje så djupt og breidt, men langt og markert) som de må følgja oppover til enden (Oksetjørnsgjelet) Når de ser nedover gjelet, så vil de sjå Oksetjørna. Øvst i gjelet er det fint å kryssa over (som oftast på ei snøfonn). Herifrå vil de og sjå Hardangerbrua og inn Eidfjorden.

Hald forsiktig til venstre mot toppen i ca. 10 min etter du har kryssa Oksetjørngjelet så er det å sikta seg rett inn på Toppen. (svakt til høgre igjen) No vil du straks sjå varden på toppen. Ca 20-30 min etter du har kryssa øvste enden av Oksetjørnsgjelet.

Toppen er ein stor markert varde.

Turkassa heng på Varden og turboka ligg oppi. Du kan og gå heilt fram til Veten, den gamle hovudvarden for Indre Hardanger

Turtips 1: Gå raudmerka løype ned til Granvin via Bjørndalen Då kjem du ned i byggjefeltet på Røynstrand i Granvin. Kjempeflott tur !

Turtips 2: Gå raudmerka løype ned Fremsdalsbotn og ned til Selstad. Då kjem du ned på Hamrevegen, og det er omlag 3 km inn til Granvin på grusveg. Ein veldig flott tur!

Turtips 3: Gå raudmerka løype til Ingebjørgnuten 1210 moh. Det er merka løype mellom Ingebjørgnuten og Oksen. Du kjem ned via Nonfjellhytta og ned til parkeringa på Stokksel. Ein utruleg flott tur!

Turtips 4: Gå raudmerka løype ned til Djønno

Då går du via Oksatjørnet og ned Gadlsbrekko før du kjem ned i skogsvegen på Djønno. Dette er ein fantastisk tur der fjorden opnar seg innover heile vegen ned.

Turtips 5: Gå raudmerka løype ned til Tjoflotstølen/Vindhovden og vidare ned til Tjoflot. Ein veldig flott tur !

GOD TUR!

OPPKLARING: Sjølve Seljenuten ligg bak hytta til Johannes Hamre på ein stor topp med varde. Dette er Seljenuten. I daglegtale vert toppen ved Taubanehuset omtala som Seljenuten.

Adkomst

Vegskildring: Turen startar på Hamre, og går via den gamle Buførevegen eller «Seljenuten» ca. 7 km frå Granvin sentrum. Du køyrer forbi Granvin Bruk og ca. 7 km utover ein grusveg. Turen startar ved Hamreelva; på ein skogsveg ca. 50 m frå parkeringa (før brua).