Botnafjellet - Eggane - Blomskredvatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.495 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1699
Sesong: Juni - September
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Krevjande tur til Botnafjellet og vidare over Blåegga via Eggane og Blomskredvatnet til Mykland. Flott utsikt heile vegen. På høgde 1475 utsikt mot Langevatna, Stigsvatnet og Longevasshytta i Jølster. Frå Eggane er det også mogleg å gå ned der. Ver merksam på nedstigninga mot Eggane frå høgde 1475. Problemet er at fjellryggen krummar slik at du ikkje ser kva som er beste nedstigning frå toppen. På det vedlagde sporet gjekk vi ned litt tidleg. Der er fjellhyller som ein gjerne må krysse fram og tilbake for å kome ned. Sjå bilde der nedgangen er markert med raud pil.

Bilde frå heile turen finn du under Lenker nedanfor.

Adkomst

Køyr til Indre Kandal ved Breimsvatnet og vidare bratt opp mot Mykland. Ta bru over elva mot Mykland og køyr ca. 250 m til du kjem til ein knapp venstresving. Parker der. Sjå bilde.

Linker