Rasteplassen Eikefjord. Eikefjordstøylen til Knollane, Nipevatnet, Skreene, Strandanipa og Hovlandsstølane. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 17.652 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1439
Sesong: Juni - September
Område: Fjordane

Beskrivelse

Denne langturen er fin å ta som ein kveldstur midtsommars.

Turen startar frå rasteplassen i Eikefjord ved Rv5 og går stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Vidare oppover til Eikefjordstøylen må du vere spesielt merksam i Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømmebøtta i Luciaræva og rømmen rant ned i Rømmeskåra og der av kjem navna - Luciaræva og Rømmeskåra. Frå Eikefjordstøylen er det flott utsikt over bygda og fjorden.

Vi går vidare nordover og opp til Knollane, over til Nipevatnet og Skreene på den gamle ferdselsvegen til Norddalsfjord.

Deretter over Flatenipa, Litlenipa/Kvitefjell til Strandanipa. Vonar på solnedgang på ein av toppane.

Ned går via Hovlandsstølane og traktorvegen ned til rasteplassen. 

Sporet på kartet er gått 2.juli 2021 på fellesturen Nipenatt som ein rundtur.

God tur!

Adkomst

Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5

Linker