Nipene (Botnafjellet) frå Svidalen i Jølster

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.077 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 661
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ein tur med jamn og behageleg stigning som byr på idyllisk kulturlandskap og flott og variert fjellutsikt. På kartet heiter toppen Nipa, mens skiltet på toppen fortel deg at du er på toppen av Botnafjellet. Botnafjellet er nok det mest innarbeidde namnet. Den mest brukte ruta opp på toppen går opp frå Angedalen i Førde og har fått namnet etter denne ruta.

Du startar på dei øvste gardane i Svidalen, der ruta fører deg omlag 600 høgdemeter gradvis oppover. Først via myrlendt terreng i dalføret i Midtunsdalen langs Bergeselva. Her passerer du to støylar med hus, før du ved starten opp mot skaret passerer gamle flotte murar som vitnar om at dalføret har hatt eit rikt støylsliv.

Vel oppe på ryggen endrar terrenget seg til å bli grøderikt beiteterreng, der du går på fin sti på rygg. Du får flott utsikt over Botnavatnet i Angedalen før du kjem opp og passerer ein del småvatn før du går siste stykket opp mot Nipa. Her er eit flatt og fint toppunkt, der du ser mot Jølstravatnet, "baksida" av Tindefjellet og utover Flugedalen i Jølster. Du ser til og med støylshusa langt der nede i dalføret.

Dette er ein tur i eit turvenleg terreng der du slipp å gå i mykje bratt landskap. Turen, som tek omlag 2,5-3 timar opp, eignar seg godt for turglade barn. Du startar med å gå delvis på skogsveg og sti opp til støylane. Om elva er stri kan du kome over ved å nytte brua som er sett opp. Etter støylane går du i myrterreng der du tidvis finn god sti/dyretråkk å følgje. Oppe i skaret, langs ryggen og opp til Nipa, er det tilsvarande. Sjølv om du går i enkelt terreng langs ruta, er det bratte sider rundt deg. Sidan det berre er tidvis er tydeleg sti å følgje, vil det vere naudynt å kunne orientere ved bruk av kart og kompass dersom du skulle få skodde og tåke undervegs på turen.

AC Kapstad for IST

Adkomst

Ta av E39 og køyr til dei øvste gardane, Berg, i Svidalen. I Svidalen er det to toppturparkeringar som er i bruk om vinteren. Turen startar på austleg side av den øvste toppturparkeringa.