Bakkefjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.256 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 559
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen går vi på ei lita bru over elva og går på merka sti opp Engabølia. Når vi kjem opp på Heia der det flatar ut, vil du sjå eit skilt merka "Bakkefjellet". Du skal fylgje stien til høgre og du vil snart passere ei elv og opp mot Grønelia. Stien er merka oppover på ranen, slik at du vil heile tida få ei fabelaktig utsikt over Holmedal og Dalsfjorden. Stien går bak toppen før du kjem til varden. Frå denne toppen har du eit fabelaktig utsikt over mange bygder og fjell i Askvoll og Fjaler kommune.

Adkomst

Du skal fylgje fv 609 til 6982 Holmedal sentrum. Ovanfor kyrkja skal du ta av frå fv 609 og inn på kommunal veg mot fjellet. Du køyrer ca 1,5 km og svingar deretter til høgre og køyrer ca 1 km og du vil då komme til parkeringsplkassen