Berge- Bergeseidet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.099 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 45 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 29
Sesong: Hele året
Område: Skogafjellet naturreservat Sunnhordland

Beskrivelse

Lengde: ca. 2,3 km. Terreng: lett kupert, delvis bratt langs vatnet, litt vått og myrlendt mot slutten.
Turen: Startpunkt er: Bergehuset. Stien går først i nordleg retning på traktorveg, vidare går stien langs vatnet. Enkelte parti er litt bratte. Der er det festa tau til å halda seg i. Siste delen av turen går langs bekken ned til Bømlafjorden. Der ligg eit kvernhus som Bømlo Tur- og Sogelag har restaurert. Det er lagt ut gjestebok i kvernhuset. Kvar Skjærtorsdag arrangerer Bømlo Tur- og Sogelag familietur på denne strekningen. Kvernhuset på Bergeseidet var den fyrste bygningen Bømlo Tur- og Sogelag tok seg av og verna. Det er gardane Hovland og Berge som eig kvernhuset.
Folket på Hovland rodde sjøvegen med korn og mjøl, medan gardbrukarane
på Berge frakta melderen med båt over Bergesvatnet. Sjølve kvernhuset er 4,2
x 3,6 meter. Det er tømra, med bordkledning på ytterveggane og med steinheller på taket. Ein veit ikkje kor gamalt kvernhuset er. Eldste årstalet som er skore i tømmerveggen er frå 1852. Vågen utanfor var tidlegare ein god
kastevåg for å fanga sild og makrell. Der ligg eit skvalpeskjer, kalla
Mjøltjuven. Namnet tyder på at einkvan har segla opp på skjeret og mista
mjølet.

Bømlo tur - og sogelag arrangerer ein tursti-konkurranse på stiane på Søra Bømlo. Målet med dette er å motivere fleire til å nytte den flotte naturen på Bømlo. Alle stiane er familievenlege og lett tilgjengelege for små og store. Konkurransen startar 1. februar 2015 og varer fram til 1. november 2015. Trekning blir i løpet av november. Sjå følgjande link:
http://www.b-ts.no/Sogelaget/Oppslagstavle/Innlegg/2015/1/16_Tursti-konkurranse_files/Tursti-info.pdf

Adkomst

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka “Berge”. Det går
bilveg fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km.

Linker