Oppheim – Lemme

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.37 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 774
Sesong: Juli - September
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Ein køyrer E16 mot Oppheim. Parkering på Framnes ved hoppbakken, eller ved eldreheimen. Gå langs E16 over brua til Vasstondvegen. Fylg Vasstrondvegen ca. 240m, gå vidare mot Markusteigen ca 375m til brua. Her er det stengt for parkering no. Her startar den T-merkte ruta til Lemme. Etter ca 150m kjem ein til eit stikryss, her tek ein tv mot Lemme.

Ein fylgjer stien vidare opp lia, kryssar elva, og går på venstre sida av elva opp til Øyjordstølen. Ein fylgjer stien vidare opp til Øyjordstjørn, og vidare opp på Skorsetseteggi til ein kjem til varden (høgste punktet på ruta. Ein går vidare mot topp 965 moh, herifrå går ein ned ca 80 høgdemeter, og kryssar stien som går ned til Helgaset. Ein fortset vidare opp til toppen på Kolingseggi, herifrå går ein ca 200 m til ein kjem til stikryss, her tek ein av til venstre og fylgjer den T – merka stien ned til stølen Liaset. Her kjem ein inn på traktorveg, ein fylgjer denne 100 m til ein kjem på bilveg som går ned til Lemme

Ruta er 13, 2 km. Stigningsgrad 750 høgdemeter.