Rundtur frå Valestrand over Erstadfjellet, Askelandsvatnet, Stemmeseggi, Askeland og Hånipo

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.885 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1050
Sesong: Hele året
Område: Osterøy

Beskrivelse

Rundturen startar på Reigstad 1,6 km frå ferjekaien på Valestrand. Ein følgjer først skogsveg bratt opp Reigstaddalen. Etter ca 1 km tek ein til venstre opp Bjørnaskaret og følgjer skogsvegen her til den etterkvart går over i sti. Denne stien møter etterkvart ein annan god sti og då tek ein til venstre på den oppover. Stien er lett å følge innover. Etterkvart kjem ein til ein steinvarde midt på stien. Her er det fint å ta ein kvil og sjå mot gardane Rundhovde og Eide i nord. Etter varden kjem ein meir ut på meir snaufjell, sjølv om da også her gror til. Etterkvart kjem ein til varden som mange tenkjer er på toppen av Erstadfjellet, men det er framleis eit stykke til dit. Her er det flott utsyn. I "Osterøy til fots" står det at det truleg har heitt Vardaleitet her. Fleire stadar her ser ein gjerdestolpar av stein som ein finn mange stadar på Osterøy.

Etter eit stykke til er ein på toppen av Erstadfjellet. Her er det postkasse og bok å skrie seg inn i. Stien vidare går nedover ryggen mot Askelandsvatnet. Det er drikkesvasskjelde for store delar av Osterøy. Stien mot Stemmeseggi klatrar seg fint oppover fjellryggen mot sør. Siste delen går på ei fin og luftig lita egg som liksom klatrar seg parallellt med sjølve Stemmeseggi oppover. På toppen er det ein flott varde, postkasse og flott utsyn.

No tek ein stien tilbake til ein låg steingard ein kryssar men vel der å ta følgje stien som tek av nedover mot Sundland. Nesten nede på Sundland tek ein gjennom ei grind til høgre på sti mot Årsegga og den nedlagde garden Hushamaren. Herifrå kjem me ut på vegen på Askeland. Her går ein over bru til høgre, vel vegen til venstre og første veg bratt oppover til høgre. Dein følge enne gjennom tun og grind bakom og vidare til ein kjem gjennom steingard der ein tek av til venstre oppover langs steingarden og føl stien til Hånipo og vidare ned til Reigstad og eventuelt Valestrand. På stien nedover frå Hånipo går ein gjennom eit område med mange torvhus der ein tørka torv til brenne.

Adkomst

Frå Valestrand ferjekai tek ein inn første veg til høgre og føljer Reigstadvegen til ein kjem til Reigstadflaten. I enden her kan ein parkere før skogsvegen startar.

Stoppesteder

Buss 210 frå Bergen eller buss 37 til Breistein ferjekai og så ferja over fjorden. Ein må gå ca 1,6 km frå Valestrand ferjekai og til skogsveg frå Reigstadflaten. Ein tek inn første veg til høgre frå ferjekaien og følgjer Reigstadvegen til ein kjem til Reigstadflaten og skogsvegen.